Orre kyrkje er ei langkyrkje frå 1950 som ligg på Pollestad i Klepp kommune i Rogaland fylke.
Byggverket er i hoggen granitt og har 250 plassar. Ein valde å hogge granitt til kyrkja fordi det var mangel på andre vyrke, men steinen vart likevel liggjande ferdig i fire år før ein fekk bygd fordi ein ikkje fekk tak i sement.
Kyrkja erstatta mellomalderkyrkja Orre gamle kyrkje som soknekyrkje for Orre sokn.
Orre gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1250 på Jæren i Klepp kommune, Rogaland fylke. Kyrkja ligg nær havet og Orrestranda ved Nordsjøen. Truleg stod sjøen høgare i mellomalderen, slik at båtar kunne ligge til helit inne ved kyrkja.
Orre gamle kyrke var soknekyrkje for Orre fram til 1950, då Orre kyrkje på Pollestad (Orre sentrum) vart bygd.
