Som sokneprest i Orre 50% og prostiprest i 50%.
Søk på stillingen
Vi søkjer ein sokneprest og prostiprest som har evner til relasjonsbyggjande og kyrkjelydsbyggjande arbeid. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om kyrkjeleg undervisning og gudstensteutvikling. Som prostiprest vil det vera viktig at ein trives med kyrkjelege tenester, og har fleksibilitet og evne til å ha gode møter med folk og samarbeid med stabar ein ikkje arbeider med til dagleg.
Orre sokn ligg i Klepp kommune og Klepp kyrkjelege Fellesråd. Det er forordna gudstenester annakvar sundag og i høgtidene. Orre kyrkje er frå 1950 og ligg på Pollestad. Ein har eit flott tilbygg med kyrkjelydssal, godt eigna til ulike samankomer. Kyrkja erstatta mellomalderkyrkja Orre gamle kyrkje som soknekyrkje for Orre sokn. Ho ligg nærare sjøen og vert brukt til vigsler og nokre gudstenester i året.
Staben består av dagleg leiar, prest, organist, klokkar og menighetspedagog, alle i deltidsstillingar. Alle fire sokna i Klepp samarbeider om ei diakonstilling. Soknerådet i Orre arbeidar for å styrkje aktivitetane retta mot barn og ungdom.
Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med lokale, frivillige lag og organisasjonar, skule og barnehage.
Klepp kyrkjelege fellesråd har fire sokn: Frøyland/Orstad, Bore, Klepp og Orre. Soknepresten i Orre inngår i dette felles samarbeidsområdet. Soknepresten har stabsfellesskap på kyrkjekontoret på Klepp. Det vert nå bygd ny kyrkje på Klepp, og når ho står ferdig flyttar kyrkjekontoret og alle i stabsfelleskapet her inn i nye kontor på kommunehuset. Meir info: http://www.orre.kyrkje.no.
Klepp kommune er den største av Jærkommunane med 20.900 innbyggjarar. Forutan gardsdrift, reiser mange til arbeidsplassane sine i Sandnes, Forus og Stavanger. Desse områda vert nådd innan ca. ein halv time. Kommunen har gode tilbod innan idrett, speiding, kulturskule etc. Meir info: www.klepp.kommune.no.
Soknepresten inngår òg i prestefellesskapet i Jæren prosti. Jæren prosti består av kommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Prosten leiar arbeidet i prostiet og samlar prestane til jamlege pastoralsamlingar. Det er 12 sokn i prostiet, pluss at fengselsprestane i sør-Rogaland er med i fellesskapet.