Kyrkjevalet 2023 i Orre sokn


I september er det tid for val av nye sokneråd i Den norske kyrkja. Her i Orre kyrkjelyd skal det veljast nytt sokneråd. I tillegg er det val av nytt bispedømmeråd.

Førehandsrøysting byrjer allereie i august. 

Her kjem ei oversikt over kyrkjvalet i Orre sokn for valåret 2023.

Sjølve kyrkjevalet er 10. og 11. september, men det er mogleg å førehandsrøyste frå 10. august - digitalt eller fysisk.  Sjekk ut denne lenka om å stemme ved kirkevalget for meir informasjon om korleis både førehandsrøysting og røysting på valdagane fungerar. 

Digital førehandsrøysting
Digital førhandsrøysting kan ein gjere når og kor som helst i perioda 10. august til 6. september. Digital førehandsrøysting vert gjort tilgjengeleg via nettsida kirkevalget.no frå 10. august. 

Fysisk førehandsstemming
Ynskjer ein å benytte seg av fysisk førhandsstemming på papir, tilbyr vi følgjande moglege datoer i perioda 10. august til 8. september for medlemmer av Den norske kyrkja, tilhøyrande Orre sokn: 

  • Klepp kyrkjekontor måndager kl. 0900-1100 og torsdager kl 1200-1400, samt torsdag 31. august kl. 1500-2000.
  • Orre kyrkje sundag 03. september kl. 12:00-13:00 (etter gudstenesta). 


Valdagane
På valdagane 10. og 11. september vert det høve til å avgje fysisk stemme på papir følgjande stader: 

  • Søndag 10. september kl. 1400-1800 på Klepp rådhus
  • Mandag 11. september kl. 0900 - 2100 på Orre samfunnshus. 


Utfyllande informasjon:
Via denne nettsida finn du Presentasjon av listekandidatar til soknerådsvalet i Orre kyrkje.  og presentasjon av kandidatene til valg av bispedømmeråd

For meir generell informasjon om kyrkjevalet, sjå kirkevalget.no

Vi ynskjer alle våre medlemmar i Den norske kyrkja i Orre sokn eit godt val! 

Med venleg helsing Orre kyrkjelyd

Tilbake