Ledig stilling ungdomsarbeidar


Søk her!

 

Ungdomsarbeidar i Orre kyrkjelyd

Klepp kyrkjelege fellesråd søker etter ungdomsarbeidar i 15% prosjektstilling over 2 år.
Klepp kommune har om lag 19.000 innbyggarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland/Orstad.

Arbeidsstad for ungdomsarbeidaren vil vere Orre kyrkje og Klepp kyrkjekontor.

Ungdomarbeidaren vil arbeida saman med dagleg leiar, sokneprest og menighetspedagog.

Den nye kyrkjelydssalen, bygd i forlenging av kyrkja i sentrum av Orre, er eit godt og triveleg lokale som blant anna blir nytta til trusopplæringsarbeid og ungdomsarbeid. Hausten 2021 starta soknerådet opp eit heilt nytt lågterskel ungdomsarbeid i kyrkja. Arbeidet har hatt god oppslutning, og soknerådet har eit stort ønske om å utvikle dette arbeidet vidare.

Les meir om kyrkjelyden på facebook.com: Orre kyrkjelyd

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er knytt til aldersgruppa 12-16 år.
•    Planleggje og gjennomføre lågterskeltilbod for ungdom
•    Rekruttere, fylgje opp og inspirera frivillige, både ungdomsleiarar og vaksne medhjelparar
•    Arbeidstida er knytt til kveldar og helger, og kan difor passe godt å kombinere med studier

Kvalifikasjonar
•    Erfaring frå frivillig eller løna arbeid med tenåringar
•    Det er ønskeleg med erfaring frå, eller kjennskap til kyrkjelydsarbeid
•    Kunne arbeide sjøvstendig og saman med andre.
•    Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg
•    Medlem av Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar
•    Vera glad i ungdom
•    Kunne ta initiativ og ha evne til å gjennomføra prosjekt
•    Vera fleksibel, strukturert og ryddig
•    Ha evne til å kommunisere med og bygge relasjonar til ungdom
•    Det vil bli vektlagt om søkaren er personleg eigna til stillinga

Me kan tilby:
•    Spennande og meiningsfulte arbeidsoppgåver
•    Lønn etter gjeldande tariff, som menighetsarbeidar
•    Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Anna
•    Søkar må kunne disponere bil.
•    Den som får tilbod som stillinga må legga fram godkjend politiattest før tilsetting.

Oppstart etter avtale.

Send søknad til anna.bergitte.skarland@klepp-kirken.no eller ring 990 26 276,