Orre gamle kyrkje


Orre gamle kyrkje er det eldste bygget på Jæren. Les meir om kyrkja her.

 

Her kan du sjå og lese meir om Orre gamle kyrkje.

Orre gamle kyrkje er det eldste bygget på Jæren. Kyrkja er frå 1250. Truleg stod sjøen høgare i mellomalderen, slik at båter kunne leggje til heilt inne ved kyrkja. Orre gamle kyrkje var soknekyrkje for Orre fram til 1950, då Orre kyrkje vart bygd.

Kyrkja er stengt, men kan opnast for besøk etter avtale. Ta kontakt med kyrkjekontoret, 51 78 95 55. Våren 2021 skal kyrkja restaurerast.